søndag 7. november 2010

Helga vart ikkje heilt som ein skulle ønske

En kompis og ei veninde fra Trondheim var i Oslo i helga. Han skulle sjå på Mc sykkel då han hadde tatt lappen på dette, i sommar. Han fann vist ein tilslutt. Dei ville veldig gjerne møte meg når dei var her. Eg hadde lagt planar for laurdagen med tre veninder eg bruka å gå ut atme og er mykje saman med her i byen. Eg hadde i utgangspunktet ikkje tid å møte dei, då eg skulle ordne i stand her i leiligheta til fors og skulle lage heimelaga pizza til oss.
Men snakka med dei på tlf då dei ringte og ønskte veldig at eg skulle komme inn til byen å møte dei. Er jo kjekt å møte igjen folk ein ikkje har sett på lenge. Så eg fann ein buss og heiv meg på den og inn til Oslo før å møte dei. Gjekk av på Oslo S, er ikkje kjent der,då eg ikkje har vore der sida eg var lita jente og hugsa ganske lite av det. Men eg trålte rundt og fann meg ein plass der eg sto og venta på dei. Dei ringte meg etter litt og lurte på kor eg var hen,sa eg var der og dei ba meg kome til andre sida av sentralbanestasjonen. Etter litt om og men så fann vi kvarandre ute framfor Oslo City. Da var ho såkalla veninda mi dritsur, surare enn en sitron vil eg sei. Sååå sur fordi eg ikkje va kjent og at det tok lang tid å finne kvarandre...
Ikkje nok med det,så skulle vi finne en bra kafè der vi kunne ta ein kaffi. Tråla langs carl johan til vi fann ein koseleg kafè. Var fin den, kunne tenkt meg tilbake dit. Men hugsa ikkje kva den heitte.
Der fekk vi feil drikke, skulle ha svart kaffi med litt melk, men fekk cafe latè, men ordna seg til slutt då. Fekk skravla litt der før eg måtte finne meg buss å dra heim å lage pizza og gjort klar til besøket.
Då vart det et evig styr, fant ikkje bussen eg skulle ta og vi tråla gatelangs i Oslo sentrum og spurte folk, men fekk litt mia beskjedar og leita og styra på. Den såkalla veninda mi blei dritsur fordi eg ikkje var kjent i oslo,som budde her og eg måtte no klare ting sjølv, og ikkje vente at dei skulle gjer det for meg etc. Har vore veeeldig lite i Oslo tidlegare så en kan ikkje vente eg er kjent, har kun vore 5-6 gangar inn til sentrum etter eg flytta hit!Og har kun budd her i ein og ein halv mnd,er det då forventa at ein skal kunnne oslo ut inn????!!!???Tenk å få kjeft for ikkje å kjenne Oslo godt nok når du har budd der i så kort tid og ikkje er i sentrum kvar dag og blir kjent...
Iallefall så stoppa ho opp og ikkje gadd å gå meir for ho var så "trøtt og sliten og ville bare hjæm" bla bla..kjente eg kokte av den surheta og dårlige stemninga ho laga.Men kompisen følgte meg litt rundt og såg på busstoppa og vi fekk spurt litt folk kva retning vi skulle gå for å komme til Nationaltheatret frå der vi var. Ba han berre gå tilbake til ho og skylde på meg viss ho var sur, og hadde tatt med meg han.
Fann til slutt fram etter eg gjekk meg litt vill og i feil retning på Carl Johan(Slik er det å kome til ny by og ikkje vere kjent!)og fekk tatt bussen heim,fekk laga pizza og ordna i stand til snuppene kom!! Vi hadde det triveleg som alltid, med heimelaga pizza og litt godt å drikke,kakla og lo! Alltid kjekt atme desse snuppene!:)
Vi skulle då ut men eg valte å ikkje dra ut for følte berre ikkje for det. Av og til har man "slike dagar". Men var kjekt med besøk,god mat/drikke, god musikk og skravling.
Kjem sterkare tilbake en anna gang! :)
No blir det eksamensmodus i to og ei halv veke. To eksamenar med kun 5 dagar mellom. Så wish me luck! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere

Bloggarkiv

Om meg

Bildet mitt
Volda, Volda, Norway
Bilde frå kvardagen :)