lørdag 13. august 2011

Mamma og pappa på besøk og tur rundt i Oslos gater tirsdag 09.august

Mamma og pappa hadde vore på tur til Kiel med Kielferga og var tilbake i Oslo tirsdag morgon. Eg kom nedigjen til Oslo natt til mandag. Vi hadde planlagt at når foreldra mine kom til Oslo igjen,skulle vi treffast og ete middag ilag, og gå rundt å kike i Oslo sentrum før dei skulle reise tilbake til Volda med nattbussen om kvelden. Dei kom til meg før middagstid(eg hadde handla inn middag for anledninga før dei kom). Så vi laga middag ilag, åt middag og drakk kaffi, og foreldra mine hjalp meg med nokre småting i leiligheita,før vi tok turen til sentrum og gjekk rundt der å kika på alle blomane etter den tragiske hendinga 22.juli,vandra litt rundt omkring, kika litt i butikkar,og tok oss ein tur å vandra på Operataket. (Som forøvrig var første gongen for oss alle tre!)Flott der, men trur fasaden er meir spennande å besøke enn sjølve operasalen inne ;).
Så drog vi til Oslo S og koste oss med litt å ete og drikke før vi skilde lag og dei reiste heimover igjen. Var koseleg å vere ilag i Oslo også for det har vi ikkje vore sidan før eg var 10 år trur eg.
Takk for hyggeleg samvær i hovedstaden og velkomen på besøk att! :)


Haha! Mamma&pappa ha vore våkne veldig tidlig dinne morgenen og var trøtte og tok seg en blund når dei kom på besøk meda vi venta på middagen skulle koke seg ferdig. Og det måtte eg no dokumentere..hehe.














Prøvde å få til eit hoppe-bilde...hehe gjekk til slutt ;) Større barn, større gleder! ;) Artig med hoppe-bilde!

Følgere

Bloggarkiv

Om meg

Bildet mitt
Volda, Volda, Norway
Bilde frå kvardagen :)