Litt lite flink å oppatere ja..sa eg skulle bli flinkare men er litt treg av meg..hehe.
I dag har det vore ein kjempe fin og solskinnsfull dag her. Herlig! Har såtte ein del ut på trappa her og sola meg,men ikkje akkurat ein gunstig plass å sitte å sole seg for er rett ut på gata liksom, med innsyn av folk som går forbi her heile tida..savna ein skikkelig solplass som eg hadde då eg budde på persaunet.Men skal vel ikkje klage har en fin park like bortom her og tronheim har mange fine parkar å sole seg i ,men er noko med å ha ein skjerma solplass for seg sjølv..
I går tapte no ålesund for desse forbaska trønderane, var ikkje håp i hengande snøre der nei, blei utklassa på heimebane..tragisk!Men ålesund spelte skikkelig dårlig og tapte 3-0 for ett betre lag ja.Håpe på ein seier neste gong no då,håpe spelarane har ein betre dag då;) gjelde å ikkje misse trua!:) "Vi e fra ålesund, ålesund bare så du vet det,vi e ålesund et superlag,et eventyr i oransje og blått.ÅLESUND!:) Vi kjem sterkare tilbake ja, mark my words!;) Hi hi.
I kveld har eg laga sjokoladekake:) Fekk så innmari lyst på så då måtte ein gi etter for lysta ja;) Den vart god!:)
I dag er forresten Kristin ei god veninde og ein nabo gjennom alle år, 27 år!Gratulere med dagen!Håpe du ha ei fine feiring i går og i dag:) Så får vi ta igjen å fare ut å ete middag når eg kjem heimat til Volda!:)
No er det berre ei veke att til eg flyttar frå Trondheim. Det vert rart og vemodig. Men eg har plana om å flytte tilbake å ta master i spesial pedagogikk.Håpar berre det startar frå januar!
