Desse er nokon av kassene som har følgt meg rundt om i Trondheim der eg har budd desse 5 åra, 4 flyttingar rundt om i byen. Og ein har berre putta ting nedi og ikkje brydd seg særlig om kva som ligg i kva kasse. Men no tenkte eg det var på tide å tømme desse kassene og finne ut kva for skrot og ting og tang ein har samla på alle desse åra. Så det blei det å sortere ting som høyrte/passa ilag i ei og ei kasse. Ei av kassene skal stå igjen i Volda og ikkje bli med meg vidare til Oslo. Gamle mobilar og ledningar? som har høyrt til ett eller anna tidlegare som eg ikkje treng, + litt gamle bilder som eg ska henge opp på pikerommet mitt heime.
Godt å få litt orden i kva som befinn seg i kassene, kva ein treng og ikkje trenger.
Har forresten mista ein god del av tinga mine på dei ulike plassane eg har budd, trur nok at når eg budde i kollektiv,at folk har tatt med seg ting dei har trudd var deira og dermed har eg missa eindel hybelting, men slik er det vel å dele med folk. Glad eg har budd aleine desse siste 8 mnd, då har eg iallefall hatt kontroll på tinga mine!:) Veldig smart å merke tinga sine når ein deler iallefall!
