Klar til å flytte straks ja..her er såå trangt og lite og no står det kasser,fulle boss sekkar,koffertar predt utover her så det er knapt plass til meg sjølv..hehe!Men venta litt med å flytte, for må få klarlagt enkelte ting før en kan leite febrilsk etter leilighet. Å kor kjekt det ska bli om det endelig,etter laaang tid, ordnar seg på nokre felt!:)
Dette er berre noko av flyttelasset...Men møblar er noko eg må få tak i på sikt ja;o) Men så lenge en leiger så er det no greit med møblerte leiligheter. Men kjekt å eige eigne møblar også!
Har samla på ein del kle eg ikkje vil/klarer å gi vekk eller kaste,fordi plagga gir meg minner frå kjekke ting eg har opplevd/vore med på/datet i etc..Berre kjekke minner og då klarer eg ikkje å kaste dei. Fine toppar,bluser,gensara,bukser,sko etc som gjer eg trekk på smilebåndet når eg tar dei fram att og minna kjem strøymande;) Er kle fra fem år tilbake og til for ett par år sidan kanskje. Men det er så kjekt å samle på kle som har gode minner i seg!Litt nostalgisk sa du? Jaja LA GÅ!;o)