søndag 3. oktober 2010

OSLO,baby!!!! :D :D

Då er eg på plass i tigerstaden!!:) Det gledes:)
Fredag kveld reiste eg og ein bekjend av meg,frå lauvstad, som hjalp meg med flyttelasset frå Volda i retning Oslo. Kjørte heile natta,kom fram i åtte tida på morgenen laurdag.
Det gjekk storfint dette!Kjekt å endelig vere på plass. Og tusen takk for flyttehjelpa Roy!Ha det ikkje vore for at du stilte opp og hjalp så hadde eg muligens ikkje budd i Oslo, på denne tida iallefall!

Gleda meg til å bli kjent med byen, først bydelen eg bur i,har kun funne ein dagligvarebutikk so far, men det skal bli betre etterkvart! Mykje eg vil sjå og oppleve i denne storbyen så. Trur det blir kjekt!:)

Har begynt å kome i orden no,fekk vaska og rydda på plass eindel igår, og eindel i dag. Framleis litt rot då, men det høyrer med når ein flyttar til ny stad. Skal bli så koseleg til slutt:)
Må ein tur på Ikea eller to også å handle inn litt stasj eg manglar.

Det blir så fint og flott etterkvart ;) (Litt uvant å høyre østlenning/bokmål rundt meg heile tida, men blir bok vand med det!)
Husverten virka triveleg,han bur i første etg med kona og to unga på 8 og 9 år. Eg bur i andre etg.Trudde leiligheta va litt lita av det eg såg på bilda, men når det var adskilt kjøkken og stue/soverom så vart det straks betre. Kan sjå for meg at eg kjem til å trives her!!:)

Over og ut, ha ei flott veke folkens!:)

Puss og Kram

1 kommentar:

  1. Så bra at du endelig kom deg på plass!
    Du kjem nok til å trivs godt her :)
    Det er jo ein super by!!
    Kor bor du egentlig?

    -Einy

    SvarSlett

Følgere

Bloggarkiv

Om meg

Bildet mitt
Volda, Volda, Norway
Bilde frå kvardagen :)