Laga ball for fyrste gong då eg var 19 år. Den gong med oppskrift frå ho mor, og laga frå skratsj med alle ingrediensane. No for tida når eg lagar, brukar eg ferdig pose og tilset vatn og let den stå å svelge litt før eg går i gong med å forme deiga til ballar, og puttar mår(mørpølse om du vil, kan også bruke flesk til)inni kvar og ein av dei.
Medan eg formar potetballane,tek eg ei kaserolle og fyller halve med vatn og har to buljong(kjøtt) terningar oppi og let det koke opp saman med vatnet før eg puttar ein og ein ball oppi.Desse buljongterningane gjer også at det blir meir smak på ballen. Kokar også mår eg har til overs slik det blir meir smak på ballen, og det er svært godt å ete ilag med ballen om du ikkje har pølse eller kjøt ved sida av. . (Veit mange som ikkje er frå sunnmøre/vestlandet ikkje forstår korleis vi klarar å ete dette her som dei meiner er så smaklaust..)Men det er veldig godt om du har all tilbehøret som skal vere med atme.
så kokar ein opp kålrabi(stappe)om du har ferdigpose,eller skjærer opp kålrabbe i bitar og kokar og det opp,og stampar til ei stappe som ein har attåt. Anna tilbehør er også godt atme, som røykt kjøttpølse og eller bacon. Men dette hadde eg ikkje tilgjengelig idag så då vart det dette her:) Funka fint!
Så må ein sjølsagt ha mjølk til:) Fantastisk godt;D






Ballen, saman med poteter og mår bør stå å koke på svak varme eit par timar før det blir servert!
Trur dette må vere sunnmøres/vestlandets hovudrett. Utrulig godt og dei fleste vestlenningar har vakse opp med denne retten!:) Nam nam, prøv det ut!;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar